Far fortel: Katastrofe-psykiateren

På midten av 1980-talet var far min midt i 60-åra. I julebreva fletta han inn hendingar han hadde opplevt.  Fire av sogene vil eg leggja ut her på bloggen. Her kjem den fjerde og siste.

Etter tog-kollisjonen omtalt i forrige innlegg vart alle på toget sendt til ”debriefing” med katastrofe-psykolog. Sidan det ikkje var dødsfall eller store skader, verka det overdrive å bli tvinga til å høyra på psykologen. 

Namna på alle som var om bord i toget vart notert av hjelpemannskapet. No måtte alle gå opp på ein barneskule som låg nokre hundre meter frå dei havarerte toga. På dette tidspunktet hadde alle roa seg, og var glade og takksame over at alt hadde gått så bra som det gjorde. Vi trengde igrunnen ikkje ein ny kalddusj.
Men med stor ihug frå ein kar på talarstolen i gymsalen fekk me vita at me nett hadde vore ute for ei ofseleg hending som ville setje djupe merke i sjela. Ingen kunne vita når mareritt og vonde tankar ville ville slå rot i oss. Om dette ikkje vart bearbeida straks, no her i kveld, ville vi vera merka for mange år frametter! Kanskje for heile livet!

Då var det at ein mann på min alder rette handa i veret. ”Eg tek til å sjå så mange svarte prikkar framfor augo,” klaga han. ”Nettopp, nettopp,” svara karen på talarstolen nøgd. ”Då må du få ein time hos meg no etter samlinga.” Og så heldt han fram med leksa si.

Mannen med prikkane tok til å skjelve og riste over heile kroppen, og ungdommane som sat i nærleiken viste seg å vera meir omtenksame enn det ein elles får sjå. Dei klappa han på kinna og masserte han på ryggen, armane og låra, nett slik læremeisteren instruerte. Dei tok av seg jakkene sine og breidde over han så han såg ut som ein levande fillehaug.   

Talaren marma vidare på sitt. Det varte ikkje lenge før ei fin dame flaug på dør, nåbleik og med ein diger plastpose for munnen, så snøgt at den flotte pelskåpa flagra i lufta bak henne.
Og endå fleire tok til å bleikna og skrapa med føtene før han endeleg var ferdig.

Sjølv visste eg ikkje om eg skulle le eller gråta, harmast eller ta alt han sa for god fisk.

Om no lesarana har gått trøytte av alt dette pratet, er det av di eg har fylgt eitt råd frå katastrofemeisteren: ”Dersom nokon trur dei ikkje treng hjelp med ein gong, så sørg for å få hendinga med tog-kollisjonen ut! Skriv det aller helst ned,” ropa han.
Det har eg hermed gjort.

2
 
 
 
 
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

14 Responses to Far fortel: Katastrofe-psykiateren

  1. avatar Dag Eigil says:

    Husker godt den der fortellingen. Fikk inntrykk av at det den gang var noe nytt og fancy med krisepsykiatri, og det ble brukt flittig og behørig omtalt i media. Svigerfar hadde liten sans for slikt, ja… :-)





  2. avatar Jorunn says:

    Krisemaksimering eller fisking etter nye betalende pasienter :-)





  3. avatar LeylaM says:

    Jeg må le fordi han setter igrunnen ord på noe som jeg tror kanskje mange opplever i en slik situasjon. Selvsagt er en slik hendelse traumatisk, men den kan fort bli “blåst” opp til dimensjoner man ikke visste fantes, gjennom noen som skal prøve å fortelle en hva man skal tenke og hvordan man skal reagere. Vi mennesker reagerer ulikt i slike situasjoner, men når en slik tordentaler som denne din far forteller om, får folk til å bli mer oppskaket enn de var, da er det noe som ikke helt stemmer.

    Men han skrev det jo ned iallefall, far din, og det var nok for han 😀

    Ha en fin helg Solveig :)





  4. avatar carpediem says:

    Huff.. det er veldig galt å blåse opp en hendelse til å bli noe mer enn det var.. jeg er sikker på at de fleste hadde vært fine helt uten den seansen! Og mon tro om ikke et par av dem ble dårligere enn de hadde trengt å være!

    Faren din skrev godt, ja, sier det igjen, jeg! :)

    Ha en fin helg videre!





  5. avatar cezi1971 says:

    Jeg kan ikke fri meg fra tanken om at i noen tilfeller så er det krise-psykologen som skaper krisen..! Men veldig godt skrevet det er det. :)





  6. avatar marthon says:

    Det har vel vært sagt ovenfor, men han skrev underholdende han faren din. Tommel til dere begge!
    :-)





Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *